|
- Me treng vekking!
Av Dag Rune Lid, josafat.no, 18.04.05
- Det me framom alt har bruk for i
vårt folk i dag, er ei bibelsk vekking der Guds ord blir teke på alvor. Det er
mykje religiøsitet i dag. Mange seier dei trur på Gud, men dei har danna seg eit
Gudsbilete som ikkje er bibelsk. Det er Per Kørner som seier dette.

Oppvekst og omvending
Han blei fødd i Oslo på vårparten i 1936, og familien blei buande her til krigen
var over. Faren var prest, og det innebar at familien flytta ein del. Etter
krigen gjekk turen til Trondheim, deretter til Beitstad og Malm, før dei enda
opp i Vik på Helgeland.
I ungdomsåra på Helgelandskysten kom
han bort frå det personlege samfunnet med Herren Jesus, og han prøvde å halde
Gud på avstand. – Eg bygde på eit vis ein mur mellom Gud og meg. Men Gud slo
stadig ned muren, og den blei aldri solid nok. Lyset frå Ordet avslørte meg som
ein syndar. Eg fekk sjå at eg trong å bli omvend, seier han.
Det Ordet som vekte han opp var frå
Openberringa 3:3 «Kom difor i hug korleis du har teke imot og høyrt. Hald
fast på det og vend om! Dersom du ikkje vaker, skal eg koma som ein tjuv, og du
skal slett ikkje vita kva time eg kjem over deg.» Dette vart så alvorleg for
han at han måtte overgje seg til Gud.
Misjonskallet
Saman med kallet til frelse, fekk han også
misjonærkallet. Etter studiar i inn og utland, reiste han hausten 1966 ut som
misjonsprest for NMS til det vesle kongedøme Swaziland mellom Sør-Afrika og
Mocambique. Her blei det først kyrkjelydsbyggjande arbeid, og deretter vart han
lærar ved den lutherske presteskulen i Umpumulo i Sør-Afrika. Her vart han fram
til 1978, berre avbrote av to heimeopphald.
Etter heimkomst frå misjonsmarka, vart
det ein del reising i Nord-Norge for NMS der kona Sonja kjem frå. Det blei også
nokre vikariat innan kyrkja, før han kom som prest til Strandebarm i Hardanger i
1981. Her blei han fram til 1991, då han blei avsett ved dom. Deretter blei det
ein del år som lærar i skulen og nokre år som sekretær for Samemisjonen i Bergen
krins, før han avslutta som lærar for innvandrarar. Frå midten av 90-talet har
han også vore prost i Strandebarm Prosti, og gjort teneste ymse stader i Den
norske kyrkja i eksil.
Kampen for barnet i mors liv
- Mange har sett deg i media i samanheng med kampen mot fosterdrapslova, kva var
årsaka til at du gjekk inn i denne kampen ?
- Eg blei overbevist om at fosterdrap
var ei uhyggeleg krenking av vår Gud og skapar. Eg opplevde at som kristen måtte
eg stå hardt imot, ikkje berre i ord, men også i handling. Det var eit tidskille
i folket vårt i 1978 då lova om sjølvvald abort kom.
- Den farlegaste staden for barnet
vart no i mors liv. Kvart 5. barn blir teke livet av. Det er det forferdelege!
Eg vart overbevist om at den kampen som Børre Knudsen hadde starta for fosteret
i mors liv var rett. Så mange som mogleg burde støtte han for å gjere det klart
overfor folket og politikarane kor gale dette var.
Darwinismen drep
- Abortlova er ein konsekvens av Darwinismen sitt
menneskesyn, at menneske berre er eit høgareståande dyr. Såleis kan ein sjølv
bestemme kva som er rett og gale, og ein står ikkje ansvarleg for Den Heilage
Gud med sine liv. Gud er sett til side, og Guds lov er avskriven og gjort
ugyldig av menneske.
- Ei slik lov får alvorlege
konsekvensar. Det blir slik som profetane talte om i fordoms tid, at me haustar
fruktene av våre vonde gjerningar. Som kristne ser me at det blir øydeleggjande
for vårt samfunn. Dei låge fødselstala blir m.a. årsaka til at det ikkje blir
nok personar i yrkesaktiv del av samfunnet til å dekkje kostnadane for
pensjonane til dei eldre. I tillegg gjev det mange andre problem – ikkje minst
for kvinner i titusental som har blitt pressa til å ta livet av små
menneskeborn.
Møte med Jesus gav fred
På eit offentleg møte eg var på, stod ei kvinne
fram og sa: - Eg gjekk frå psykolog til psykolog. Alle sa: «Abortlova er
norsk lov så du skal ikkje ha vondt samvit for at du har teke bort barnet ditt.»
Men ho fekk ikkje fred. - Til slutt kom eg til kristen predikant, og han sa
at det var ei alvorleg synd eg hadde gjort, sa ho.
- Predikanten fekk føre henne til han
som døydde for hennar synder, og møtet med Jesus gav kvinna fred. Det er
forferdelig med alle dei som går med eit såra samvit etter eit inngrep, der eit
lite menneske er teke livet av.
Avsett ved dom
Innføringa av Abortlova ført til at Kørner hausten
1983 la ned den statlege delen av prestetenesta. Så lenge Thor With var biskop i
Bergen skjedde det ikkje noko, men då Lønning kom vart det rettssak i 1987.
Først blei det Heradsretten i
Norheimsund og deretter Lagmannsretten i Bergen. Saka kom ikkje til høgsterett,
då ho vart avvist av Kjæremålutvalet ut frå presedens i rettskraftig dom mot
Børre Knudsen. Han måtte såleis slutte som prest i DNK i 1991.
- Det var vemodig å måtte slutte i DNK,
men eg opplevde at denne tida med rettssak og stor mediafokusering var ei rik
tid åndeleg sett. Eg fekk stadig Gudsord som talte til meg både gjennom det eg
sjølv las, og gjennom det andre personar gav meg, seier han.
- Profetane i GT gjorde uvanlege ting
for å vekkje opp samvita. Då eg la ned den statlege delen av embetet, og då eg
seinare opplevde rettssak og dom, gav det rikt høve til å forkynna den bibelske
bodskapen.
Ordningane framfor Guds ord
Kvifor blei Strandebarm Prosti oppretta på
90-talet? - Me hadde ynskje om å hjelpe dei heimlause i DNK, som var i åndeleg
naud over situasjonen, understrekar han.
- Problemet innanfor kyrkja, slik eg
ser det, er at ein set ordningane framfor Guds ord. Det er avgjerande at Guds
ord får vere vår rettesnor, men i dag blir Ordet sett til sides. Det skapar
samvitskonfliktar for dei som kjem inn i kampen mellom ordningane og Guds ord.
Dei derimot som held seg til ordningane kan gjere mest kva som helst, sjølv om
det bryt med Guds klare ord.
- Diverre har kyrkja vorte ein
”verhane” som snur seg etter tidsånda, og ein er livredd for å halde fast på
Guds ord. Det som ikkje passar inn i tida, det stryk ein berre. Ein må for all
del ikkje støyte folket. Men då misser Ordet også si kraft, for det blir så lite
Sanning att i det som blir forkynt. Me må vende attende til Ordet!
Me treng vekking
- Det me framom alt har behov for i vårt folk i
dag, er ei vekking der Guds ord blir teke på alvor. Det er mykje religiøsitet i
dag. Mange seier dei trur på Gud, men dei har danna seg eit Gudsbilete som ikkje
er bibelsk.
- Himmelens Gud er gjort til ein snill
bestefar, og synda er gjort ufarleg. Gud straffar ikkje synda, etter dei fleste
si meining, og difor blir det heller ikkje behov for omvending. I vekkingstider
får menneske sjå seg fortapt under Guds dom, men då får dei også behov for
evangeliet.
- Problemet i dag er å få folket i
tale slik at dei byrjar å spørje etter ein nådig Gud. Den lutherske
reformasjonen var ei vekkingstid, og me treng på ny ei slik vekking,
understrekar Kørner.
Sjølv om Kørner av mange blir forbunden
med det kyrkjelege, så er han ofte å finne i bedehuset. Han kjenner på
brorskapen og samfunnet med det lågkyrkjelege bønefolket på bedehuset, og han
har god kontakt med mange vener i desse samanhengar. Ein av hans gode vener var
lekpredikanten Anders Eide i Misjonssambandet, som fekk heimlov sist haust.
Me har svikta
I samtalens løp stiller han spørsmålet: - Har me
som foreldregenerasjon tatt Guds vilje på alvor? Han svarer og seier: - Med
tanke på våre born og våre næraste, trur eg me har svikta og vore unnfallande.
Me har ikkje latt dei forstå alvoret i dette å ha med ein heilag Gud å gjera.
- Når ungdomane kjem heim med sin forlova,
og me let dei bu saman, då gjer me som kristne noko riv ruskande galt. Me har
som kristne så lett for å gje etter for tidsånda. Så godtek ein først det eine,
og så det andre, og til slutt godtek ein også homofilt samliv.
- Eg trur at me som foreldregenerasjon
har svikta! Me har stått for ein snillisme, der me ikkje har understreka kor
alvorleg det er å bryte Guds bod. Himmelens Gud vil at me som foreldre skal
setje klare bibelske grenser for borna våre. Det vil vere til hjelp for borna.
Det er ikkje til hjelp når ein jattar med og godtek alt!
- Det kan nok bli sagt om oss at me er
for strenge, men me har med ein heilag Gud å gjere. Me skal vere sanninga tru i
kjærleik, og halde fast ved Guds vilje i ord og handling.
- Me ser kor gale det går med mange
unge i dag. Dei gjer livet så vanskeleg og innfløkt både for seg sjølve og
andre. Eg trur at borna i ettertid vil sjå at det var til det beste at mor og
far sette klare grenser. Det gode livet er å få vere born av Gud, og leve i
samfunn med han. Herren vil det aller beste for oss både her i tida og for æva,
seier Per Kørner.
Me må våge å seie at synd er synd
- Eg trur at me i langt større grad, enn det som har vore tilfelle dei siste
årtidene, må forkynne Guds bod konkret. Me må våge å seie at synd er synd, og
at det også er synd å ringakte foreldra. Eg trur me som foreldre har svikta i
nettopp dette med å vere konkrete i grensettinga ut frå Guds klare ord.
Han er også oppteken av at forkynning
og handling må gå hand i hand. - Som Guds folk må me våge å vere lys og salt
slik Bibelen talar om det. Gudsfrykta må vere større enn menneskefrykta. Me må
ikkje innordne oss etter kva fleirtalet tenkjer, men tale som Guds ord og dermed
få vere lys og salt, slik Bibelen seier at me er.
- Me må vere vakne for kva oppgåver Gud
legg til rette for den enkelte av oss i åndskampen. Me kan skrive i avisene. Me
kan samtale med verdslege og ikkje setje ljoset under ei skjeppe. Me må rekne
med motstand, men det er ein del av trua sin gode strid, seier han.
Me er prega av «snillisme»
- Me har så lett for å bli makelege kristne i vår
del av verda. Me kan berre tenkje på korleis kristne har det i muslimske land.
Det spørst om me har åndeleg styrke i den situasjonen som me no ser konturane
av, der Islam fløymer inn over Vesten. Har me styrke til å stå imot heidenskapen
?
- Eg er redd for at lysestaken er i
ferd med å bli flytta, fordi vi ikkje har vore tru mot Guds ord. No får vi nyte
frukta av vår sløvheit og unnfallenheit, og som land og folk misser me Guds
velsigning. Det var slik det gjekk i Lille-Asia. Sendebreva i Johannes
Openberring er hyperaktuelle i vår tid, og det er så mange parallellar. Då Islam
kom, hadde dei ikkje styrke til å stå imot, understrekar han.
- Der høyrer me om Satans synagoge,
der dei ikkje heldt fast på Guds ord. Me snakka gjerne om Jesu kjærleik, men me
gløymer ofte det Jesus seier om å elske han og halde hans bod. Dersom me lever i
eit rett forhold til Herren, blir det maktpåliggjande å gjere hans vilje.
- Som kristenfolk er me så ofte prega
av snillisme og feigheit, og me fryktar å miste «ansikt» overfor våre
medmenneske. Me fryktar menneske meir enn Gud, meinar han.
Uklar forkynning
Han understrekar at det ikkje lenger er noko
klart skilje mellom «verden» og Guds folk, slik Bibelen set eit klart skilje
her. - Når dette skiljet blir utviska, blir det tåkelegging og inga grunn til
omvending. Det me treng er ei klar forkynning av lov og evangelium, seier Kørner.
- I dag forkynner mange evangeliet på ein slik måte at alle døypte er sanne
kristne. Andre går mykje lenger og forkynner at også dei av andre religionar
høyrer til i Guds rike. Det blir til og med sagt at me har same Gud som
muslimane, men slik talar ikkje Bibelen.
- På same vis avskriv ein Bibelens
klåre tale om fortapinga. Fordi Gud er kjærleik, kan det ikkje finnast noko
fortaping. Me høyrer gravferdstaler der ein villig vekk plasserar alle i
himmelen fordi Gud er raus. Det kan sitje hundrevis av menneske i ei gravferd,
utan å få høyre alvoret med det å ha med ein heilag Gud å gjere!
- Akkurat det same skjer ved dei store
høgtidene, når det er mykje folk i kyrkjene. Ein må vere rund og forsiktig. Ein
må ikkje forkynne Guds lov. Ein må ikkje forkynne omvending og fortaping. Slik
stryk ein Guds ord!
- Frukta av dette er at folket slår seg
til ro i sine synder. Det blir akkurat som i fordoms tid då profetane stod fram
og forkynte: - Fred, fred og det var ingen fred.
Me treng å vekkjast opp
- H. C. Andersen har eit eventyr som understreka
dette alvoret. Det er om store Klaus og vesle Klaus.
- Det gjekk svært godt for vesle Klaus. Så blei store Klaus misunneleg, og vil
gjere ende på vesle Klaus. Han stappar han ned i ein sekk og vil kaste han i
elva. På vegen går han innom kyrkja, og der er det kveldsmesse. Han set frå seg
sekken ved ytterdøra, og går inn og deltek i gudstenesta. Etter gudstenesta
forset han vidare, i ro og tryggleik, for å ta livet av vesle Klaus. Det var
ikkje noko i forkynninga som hadde vekt han opp!
- Der ein samlast om forkynninga av
lov og evangelium er det ofte ein liten tilhøyrarskare. Me må minne kvarandre om
at det er viktig å halde fast på Guds ord, også utanfor den truande forsamlinga
me er med i. Det vil koste å være lys og salt, og det vil komme til å koste meir
og meir etter som samfunnet blir meir og meir avkristna, avsluttar Per Kørner.
|