|
- Eg
kjempa mot Gud!
Av Dag Rune Lid, josafat.no, utlagt 24.08.04
Det
er Dagfinn Natland(53) som uttrykkjer seg slik når han beskriv tida før han blei
omvend til Herren. Sidan omvendinga har han reist med Guds ord som
fritidsforkynnar. Ein merkar at det er nauda for at sjelene må vakne opp, og
bergast frå den evige fortaping, som ligg han på hjarta når han forkynner Ordet.
Mange har møtt han som leiar på
Misjonssambandet sin Bibelcamping på Tonstadli Ungdomssenter gjennom fleire år.
På dialekten å døme kjem han ikkje frå dei heilt sentrale strøk. Han er frå
Fjellberg i Suldal kommune inst i Ryfylke i Rogaland.
Han er fødd og oppvaksen i Fjellgrenda
Natland som ligg 300 meter over havet. I ungdomsåra var det heller lite å ta seg
til så ungguten flytte til Stavanger. Her blei det festing med vener nesten kvar
helg, og synda fekk meir og meir makt i livet hans. Til slutt gav kona beskjed
om at dette ikkje gjekk lenger, og at heimen kom til å bli øydelagd – då
greip Gud inn.
Herren talar
– Eg var ute og køyrde lastebil, då eg plutseleg
opplevde at det var nokon inne i bilen som talte til meg. Personen kunne eg
ikkje sjå, men det han sa gjekk til hjarta og samvit. Eg opplevde det som om det
var Herren som tala. For mitt indre auga var det som eit dekke vart trekt til
sides frå livet mitt. Eg såg at dette syndefulle livet eg no levde, det kunne eg
ikkje forsetje med, seier Natland.
Denne opplevinga var så sterk at neste
gong det var tillyst fest saman med gjengen, så møtte han opp og tok ordet. Han
fortalde kva han hadde opplevd, og at han ikkje lenger kunne forsetje med dette
syndefulle livet. Resultatet vart at gjengen vart oppløyst, og festane «tørka»
inn.
No flytte han og kona attende til
heimbygda der han fekk seg arbeid, men han vende ikkje om. Gud fortsette å
kalla. - Når eg møtte kristenfolk frå kyrkje eller bedehus var det ein dom i
bringa berre å sjå dei, seier han.
- I yngre år hadde eg ved eit tilfelle
kome til å slå opp i ein Bibel. Augo fall på ein setning: «Den som syndar skal
døy!» No hadde det gått 15-16 år, og mang ein gong hadde eg trega på at eg slo
opp i den Bibelen. Men Guds ord er levande, og dette ordet sleppte meg ikkje.
Det sat som spikra i samvitet.
- Dette førte til at eg kom inn i ein
veldig dødsangst som varte i 4 år, og i lange periodar var eg borte frå
arbeidet. Det var ei forferdeleg tid. Då kunne eg sjå for meg mi eiga gravferd,
og det stod for meg: No døyr du, og du går fortapt! Eg kjempa med Gud, men eg
ville ikkje omvenda meg.
- Eg tenkte på same vis som Mathias
Orheim syng: «Eg tenkte då eg levde i syndelivet vilt: / Skal eg ein kristen
verta, er all mi gleda spilt…». Eg hadde alltid trudd at dei kristne hadde
rett, og at eg ein dag måtte få del i det. Men eg tenkte alltid at det skulle
skje seinare. Dette er djevelen sin strategi som har ført mange i den evige
fortaping, understrekar Dagfinn Natland.
Ordet er levande
- Så var det ein sundagskveld i mars 1980. Det
hadde vore møter på bedehuset. Eg lengta etter fred, og eg hadde vona at nokon
hadde kome og bedt meg med – men ingen kom. Plutseleg, i ein lynglimt, var det
som eg såg dei 10 boda tindrande klart for meg. Så lydde ei røyst: - Du står
tiltalt på alle punkt! Du har synda deg til døde! Det er berre helvete igjen for
deg!
- Då tenkte eg: No klikkar det heilt
for meg. Noko verre enn dette hadde eg aldri opplevd, og eg makta det ikkje
lenger. Eg snakka med mor mi om situasjonen, og ho sa at eg måtte ringje til ein
truande onkel av meg.
- Då eg skulle ta telefonen for å
ringje, kom det eit nytt angrep frå djevelen og no sa han: «Du må ikkje ringje!
Du kjem berre til å få det bekrefta, ut frå Guds ord, at du har synda deg til
døde! Det er berre helvete igjen for deg!» Men no måtte eg ringje! Eg kunne
ikkje gjere noko anna, seier han.
- Det blei ei underleg telefonsamtale. Eg gløymer aldri det
onkel sa. Han sa ikkje det eg trudde, men at Jesus døydde nettopp for dei
dødsdømde. Etter kvart som onkel la ut Guds ord for meg, så vart det som ei
sanning vart stadfesta for mitt hjarta. Det blei ein kveld eg aldri gløymer.
Tenk at Jesus døydde for meg! Eg måtte ut i uthuset, og der takka og gret eg.
- Det var byrja å gå opp for meg at det
var ein som var gått i døden for meg. Han hadde teke på seg dommen og straffa
for meg, og «eg som til helvet skyldig var, slapp fri». Det var heilt ufatteleg!
Følelsane forsvinn
- Det gjekk nokre dagar. Det følbare var forsvunne, og eg opplevde at eg var
like ugudeleg som før. Eg kjempa og kjempa, og eg tenkte at det var visst ikkje
for meg likevel dette med Jesus.
- Så var det ein kveld eg hadde lagt
meg, og Bibelen låg på nattbordet. Eg slo han opp, og då fall augo mine på Gal
2.20: «Eg er krossfest med Kristus. Eg lever ikkje lenger sjølv, men Kristus
lever i meg. Det livet eg no lever i kjøtet, det lever eg i trua på Guds Son,
han som elska meg og gav seg sjølv for meg.» Gud talte igjen til mitt hjarta, og
igjen fekk eg kvile i det fullenda frelsesverk – for meg. Eg fekk ha
frelsesvissa i Ordet!
- Seinare har det vorte mykje kamp. Ein
kristen blir aldri ferdig med denne kampen mellom ånd og kjøt så lenge han er
her på jord. Det er som sangaren syng: «- Jeg eier et kjød, dets liv er min død.
Det piner og plager hver dag. Å elske, å tro, i nåden og bo er alltid min
sværeste sak.»
Ut for å vitna
- I 1985 blei eg spurd av Misjonssambandet om eg
kunne ut og vitna litt på fritida. Det svarte eg ja til. Men no oppstod ein ny
kamp. Djevelen kom på ny og no sa han: «Det kan ikkje stemma at DU skal ut å
forkynna Guds ord - slik DU er!» Det førte til at eg bestemte meg for å ringje
til krinssekretæren i NLM. Eg ville seie at eg kunne nok ikkje ut å reise med
Guds ord likevel.
- Men før eg kom så langt, måtte eg
kløyve noko ved ute på tunet. Då blei det plutseleg så stilt rundt meg, og ei
stemme sa: «Dei forlét alt og fylgde han». Ikkje før orda var sagde, ringde
telefonen. Det var ei kvinne som ringde. Ho hadde vorte minna om eit ord ho
ville gje meg. Det var akkurat frå dei same versa som eg nettopp hadde høyrt.
Der stod det også at Herren sa: «Eg skal gjera deg til menneskefiskar»
- Dermed blei det ikkje til at eg
ringde sekretæren, og sidan har eg reist som fritidsforkynnar. Likevel har eg
ofte tenkt at eg skulle visst aldri reise og forkynne Guds ord. Eg slit med å få
noko å gå med, men likevel vågar eg ikkje å seie nei. Eg har hatt mykje
anfekting med kallet, men eg har også opplevd den store velsigning det er å få
vere med å så ut Ordet, understrekar han.
Herren må avkle og ikle
- Kva er det du legg vekt på når du forkynner Ordet til andre?
- Skal eit menneske kome til liv i Gud,
må det erfare det same som Josva fekk erfare. Han stod for Guds åsyn, og Satan
stod ved sida og anklaga. Så fekk Josva høyre:«Tak dei skitne kleda av han! Og
til han sjølv sa han: Sjå, eg tek misgjerninga di bort frå deg og kler deg i
høgtidsklede.»
- Det er dette som må skje gjennom
forkynninga. Gud må gjennom sitt ord få avsløre vår sanne stilling, våre skjulte
tankar og lyster. Han må få avsløre vår sanne kledning. Men ein slik bodskap vil
ikkje folk høyre i dag, for det er så dømande. - Gud er kjærleik, blir det sagt,
og så vil ein inn på himmelvegen utan å gå gjennom porten.
- Det går an i dette livet å vere med i
kristenflokken i kyrkje og bedehus, utan å gå gjennom porten. Men det vil vere
forferdeleg på domedag å vakne opp, dersom ein har levd i sjølvbedrag, seier
Natland.
Forkynn Ordet
- Guds ord talar tindrande klart om dette, og Jesus sjølv tek også fram
dømet om han som var komen inn i bryllaupssalen, men han mangla
bryllaupsklednad. Jesus seier til han: MIN VEN – korleis er du komen inn her
utan bryllaupsklær? Men han tidde, står det. Jesu befaling var då: «Bind hender
og føter på han og kast han ut i mørkret utanfor! Der skal dei gråta og skjera
tenner.»
- Det ligg meg på hjarta å forkynne at
sjelene må vakne opp og bergast frå helvetets gru. Då Paulus formante sin unge
medarbeidar så skreiv han: - «Forkynn Ordet! Ver budd i tid og i utid. Overtyd,
tal til rette og tal til trøyst, påminn med alt langmod og all lære.» Det er
også vårt kall i dag! Me må ikkje slå av på Ordet!
- Mange opplever forkynninga av synd og
nåde som fordømande, og ein meiner at ein støyter folket frå seg ved å forkynne
det. - I Guds hus skal «verden» kjenne seg heime, blir det sagt. Men til slutt
blir det eit sosialt evangelium, som ikkje samsvarar med Guds ord og som ikkje
støyter nokon, seier han.
Kommunikasjonsmetodar
- I dag er det ofte snakk om at ein må
kommunisere betre for å nå folket. Kva tankar gjer du deg om det?
- Då profeten Esekiel fekk kallet frå
Herren, skulle han gå til borna med dei frekke andleta. Det var ikkje lett å
kommunisere med dei. Men kva bodskap fekk han å gå med frå Herren? «Du skal tala
mine ord til dei anten dei høyrer eller lèt det vera.» Bibelen vitnar om at
dersom Sanninga blir forkynt så kan Den Heilage Ande styre Ordet så det rammar
samvita til dom og frelse. Det me treng i dag er ikkje nye
kommunikasjonsmetodar, men åndskraft frå himmelen!
- Kva ord var det Jeremia fekk frå
Herren i ei fråfalls tid som vår? «Stå på vegane og sjå etter. Spør etter dei
gamle stiane... .. Men dei ville ikkje.» Eg opplever at slik er situasjonen i
dag også. Både profet og prest for fram med svik, og dei fòr lettvint åt med å
lækja skaden i folket ved at dei sa: Fred! Fred! Og det var ingen fred.
- Hans Erik Nissen, som har vore rektor
ved Luthersk Missionsforening sin bibelskule i Hillerød, skriv treffande i ei av
sine bøker om dette: « Så prøver man med nye idéer og initiativer i bestrebelsen
på å nå verden. En tror at det er et kommunikasjonsproblem. Kunne en bare si det
på en helt riktig måte, så mennesker forstod hva vi sa, da ville det skje store
ting. Sannheten er langt på vei, at man utmerket forstår hva vi sier. Problemet
er ikke manglende forståelse, men det ligger i budskapets innhold. Skal vi føre
mennesker til himmelen, må vi først føre dem til helvete. Det gjorde Jesus, og
vi er kalt til å gå i hans spor.»
Kva seier Den Heilage Gud
- Me lever i ei åndeleg demokratisk tid der fleirtalet bestemmer. Då blir det
tilpassing på alle område, både når det gjeld den kristne songen og ikkje minst
når det gjeld forkynninga. Det blir ikkje tale om synd slik at menneske får
problem med denne.
- Det er Den Heilage Gud som seier: Du skal
ikkje driva hor, du skal ikkje bryta ekteskapet, du skal ikkje stela, du skal
ikkje lysta osv. Kva hjelper det om menneske godtek synda, og ein får det inn i
norsk lov - når det bryt med det Herren har sagt. Å halde fram noko anna er å
forføre folket! Difor har me som forkynner Guds ord for andre, eit stort ansvar.
Me må ikkje slå av på Ordet, elles blir me medskuldige i fråfallet.
- Gud er ein heilag Gud! Når eit folk
ikkje lenger vil lytte til åtvaringa frå Herren, vil dei måtte erfare det same
no som på Jeremia si tid: «Sjå, eg lèt ulukke koma over dette folket, som ei
frukt av dei vonde råda deira. For dei har ikkje akta på orda mine, og dei har
vraka lova mi.» Så alvorleg er det å vrake Herrens ord. Måtte ikkje det skje med
oss, avsluttar Dagfinn Natland.
|