|
Artikkel er saksa fra dagbladet Dagen 27.10.03
- Dødsalvor utan alvor!
Det er Gunnar Soppeland frå Årdal i
Ryfylke som seier dette når han beskriv situasjonen i det norske folk. Den
åndelege situasjonen i det norske folk ligg han på hjarta, og han ber på ei djup
smerte over utviklinga i kristenfolket.
Han er fridtidsforkynnar, aktiv
skribent i ulike tidsskrift og sjølvstendig næringsdrivane. Han kom gjennom til
liv i Gud i 17 års alderen, og vart som ein rykande brann, riven ut or elden –
som han sjølv opplevde det. Frå barneåra av visste han at i kallet til omvending
låg og eit forkynnarkall.
Etter militære tok han forkynnarlinja
på bibelskulen i Staffeldsgate i Oslo. Då han var ferdig her, fekk han spørsmål
både frå Santalmisjonen og Indremisjonen om å byrje som forkynnar. Han trudde
forkynnaroppgåva skulle vare livet ut, men etter 5 år i Santalmisjonen opphøyrde
dette arbeidsforholdet. - Kallet mitt, forkynninga og det åndelege synet eg stod
for, svara ikkje lenger til organisasjonen sin profil, seier han.
Eit sidespor
- I 1975 parkerte Gud meg på det eg vil kalle eit sidespor. Frå den posisjonen
har eg registrert at avstanden til bedehusorganisasjonane i ettertida berre har
auka. Men på sidesporet har eg hatt mange interessante oppgåver innan
næringslivet. Litt forkynning har det og blitt gjennom åra, seier han.
- For ca.10 år sidan starta eg eiga
verksemd innan området kvalitetssikring og internkontroll. Dagane kan eg
disponere som eg vil, og får bruke meir tid til Guds ord. Dag for dag, i snart
30 år, har eg stått på sidesporet og lytta etter nytt signal frå han som ikkje
angrar sitt kall og sine nådegåver. Bøn og ynskje er å få nåde til å vere med i
det Herren måtte ha føre i tida.
Undertone av uro
Han ber på ein indre
uro for det som skjer i kristen-Norge.
- Som
på Jesu tid står det om kor vidt Guds hus skal vere eit bønehus eller ei
røvarhole.
Den raske utviklinga i negativ lei er
eit alvorleg teikn i tida. ”Saltet” har visst ikkje lenger kraft til å motverke
verda sine destruktive krefter. Kanskje er me komne inn i den tida då urettferda
skal ta overhand. Då vil det verte vanskelege tider, seier Skrifta.
- Alvoret i tida ligg i eit paradoks:
Midt i døds-alvoret, er det total mangel på alvor! Når Bibelen ikkje lenger
reknast som heilag, har vi heller ikkje noko heilagt gudsbilete, berre eit
forvrengt. Gud kan då vere kven som helst. Og kven som helst kan ordne seg eit
gudsforhold.
- Avkristninga gjer at kristendomen
misser makta over folket. Alle livsområde må lide for dette, og konsekvensane
er store. Både politisk, åndeleg og moralsk bryt ein heilage grenser for å skape
mest mogleg ”fri flyt”. Tek ein bort det som er evig sant, rett eller gale, vert
alt tillate. Sjølv lovgjevarane og bødlane som drep born i mors liv kan då vere
skuldfrie. Ord som synd, soning og tilgjeving går ut av bruk.
«Du skal» blir erstatta med «eg vil»
- Antropologien ser berre verda og mennesket slik
dei ter seg for det menneskelege auga.
Sjølvforståinga ligg i genane si
utvikling. Positivismen og sosialdarwinismen hevdar at samspelet mellom arv og
miljø gjennom utallige generasjonar har gjort ein til den ein er. Eit uansvarleg
produkt, eller offer for ibuande drifter og behov, om ein vil.
- Dermed er Boda sitt «du skal»,
erstatta med genane sitt «eg vil», slik Nietzsche anbefalte.
Det første reknar mennesket som eit
evig ansvarleg individ. Det andre som eit nummer i ein dyreart.
- Lausriving frå Gud fører altså til
rotløyse og manglande feste. Men dette kan ikkje vedvare utan å ende i
fullstendig kaos. Det innser mange i dag. På alle område er det behov for å
finne nye vegar og nye utgangspunkt. Dei politiske partia har overlevd seg
sjølv, og enda i ein slags pragmatisk nyttefilosofi der det lønsame er det
rette og sanne. Dei kan ikkje lenger legitimere seg ideologisk slik at ein veit
kor dei vil av.
- Dette gjeld og den kristne
verksemda. Nye utgangspunkt og vegar har vore sak nr. ein i lang
tid. Er utgangspunktet å halde liv i
seg sjølv og å halde på posisjonar, vert val av verkemidlar og veg deretter.
Til forveksling ikkje så ulikt det demokratiske prinsippet «eg vil», kjent frå
forsamlinga i Laodikea som Herren ville spy ut or sin munn.
Ein morar seg til døde
- Dei fyrste kristne var ein viktig maktfaktor i
verda som verda frykta. Dei var salt med kraft. No er spørsmålet om saltet vert
kasta ut og trakka ned. Ser ein på den nære fortida og det som rører seg i
kyrkjer og organisasjonar, må ein lure på om dei ikkje burde kalle seg frilynte.
- Bruk av underhaldning står ikkje
attende for dei rørslene ungdom før vart frelste frå. Kanskje med eit unnatak:
Nokre frilynte lag ville ikkje akseptert sambuarskap og rus. Ikkje nok med at
verda heldt på å le og more seg i hel, men mange kristne og morar seg saman med
verda, som verda. Underhaldande innslag vert stadig meir vanleg der kristne
samlast.
- Seinast i sommar landa ”Zorro” på
plattforma under opninga av Nordmisjon si generalforsamling, revyartistar
underheldt på UL i Kongeparken, og frå OKS sin tenåringsleir rapporterte Dagen
at ”Morsomme toalett-historier blandet med klar forkynnelse fanger
oppmerksomheten.”
- Dersom åndeleg naud er ein tilstand
som kjem av Bibelens alvor, blir denne nauda sjølve livsalvoret og ein del av
den kristne si liding i verda. Eg lurer på om det er dette ein vil underhalde
seg bort frå i kristne samvær? Tek ein Bibelen på alvor, og ser kva som står på
spel, vert det alvorleg å vere både frelst og ufrelst, understrekar Soppeland.
Fjernar alvoret
- Forkynning av det alvorlegaste, utan alvor, fjernar alvoret. Ein bodskap er
ikkje rett utan at han har ei konkret adresse. Sjå berre kor ulike bodskap
forsamlingane i Lilleasia fekk.
- Dette har med nådegåver å gjere.
Legg ein så til at nådegåva til å forkynne blir erstatta med instruktørar og
artistar som framfører sine talar humoristisk, og at song og musikk er blitt
show og underhaldning, fjernar dette i alle fall siste rest av alvor. Er Gud
nær, vert det alvor, - og stille.
- Oppgradering av menneskeleg
kvalifikasjonar, på kostnad av nådegåveutrustning, har fjerna den åndelege
substansen i forkynninga og lamma og utarma bedehuset. Ikkje primært formene,
slik ein feilaktig trur, seier han.
Vrøvlekompaniet
- Her er det freistande å minne om eit stykke S.
Kierkegaard skreiv i ”Øyeblikket” nr. 6.
Det handlar om ”Brand-Majoren”, og
alvoret ved å ta på seg ei åndeleg oppgåve. Stykket skulle vore obligatorisk
lesnad minst ein gong i året for alle betalte og ubetalte leiarar i guds rike.
- Poenget i stykket er, at når det er
alvor vert heile tenkje- og handlingsmåten ein annan enn i det daglege livet.
Dersom Brand- Majoren under ein brann nyttar seg av det velmeinte
”Vrøvlekompaniet” som kjem til med sine ”stripper og pibesprøyter”, er han eo
ipso(nettopp derfor) ikkje den rette for oppgåva, seier han. Regelen er at
til mindre alvor, til mindre betyr det kor ein hentar hjelpa frå. Men når ein er
dødssjuk, spør ein etter lækjaren!
- I stykket nyttar SK eit ekstra
alvorleg språk nettopp for å understreke at når mykje står på spel, vert og
språket eit anna. Klårare, meir inntrengjande og direkte. Utan alvor vert alt
likegyldig, noko ”tidsriktig” språk og form speglar av. Kluet no for tida er
kommunikasjon. At ei tomheit får kontakt med ei anna tomheit, er visst
underordna.
Grunnleggjande frigjering
- Ser ein 40-50 år attende gav Olav Valen
Sendstad og Øivind Andersen røyst til den klassisk lutherske og rosenianske
forkynninga av lov og evangelium. Dei hadde begge klåre personlege vitnemål om
ei grunnleggjande frigjering i evangeliet, og dette var grunntonen i det dei
forkynte og skreiv.
- Omvending og gjenføding var to ulike
hendingar som kunne falle saman i tid, men som ofte ikkje gjorde det. Difor
måtte ikkje desse omgrepa blandast saman. Etter deira tid har forkynning til
gjenføding tagna. Omvending har blitt til tru på dåpen, og dåpen til varig
gjenføding av alle barnedøypte. Dette kan vere ei forklaring på uføre vi er
komne i.
Dermed mista forkynninga kraft og
klårleik til å leie søkjande gjennom til evangelisk forløysing. Hovudtema vart
omvending og rustning til teneste. ”Standpunktet” vart omvendinga, aktivisering
i lag og organisasjonar vart tenesta.
- I sekstiåra blomstra skulelag og
ungdomsarbeid. Men mange unge vart trøytte og utslitne av å skulle oppføre seg
som åndeleg frigjorte kristne, utan at dei var blitt det. Desse vart marknad for
den karismatiske bylja som kom på 70 talet. Ei karismatisk oppleving gjore
susen. No fekk vengene luft å sveve på i lange stemningsmetta møte, og fjæra
kunne bruse fritt under suggererande song og musikk. Seinare omfang og
forgreining av karismatikken vitnar om kor grunnleggjande forvirringa om lov og
evangelium var og framleis er, seier Gunnar Soppeland.
Karismatikarar latterleggjer
- Ei klår forkynning av lov og evangelium er ein
trussel mot karismatikken slik han har breia seg ut og vert dyrka. Berre spør
Åge Åleskjær! Han er antinomist og latterleggjer det han kallar
elendigheitsteologi.
- Diverre er det i dag mange
femti-sekstiåringar som sit att med såre kjensler fordi dei ”bøygde seg” under
forkynning som ikkje førde dei fram til evangelisk forløysing. I praksis fekk
dei berre tredd eit nytt livsmønster utanpå eit uendra sinn. Av dette vart det
hyklarskap.
- Etter kvart har gapet mellom
livsmønster og sinn jamna seg ut. Ved ulike høve kan ein høyre personar som
distanserer seg frå si ungdomsomvending og står fram som ”nyevangeliske"
sjølvbestemte kristne, utan omvending og kledd i eit kav verdsleg livsmønster.
Andre har vore lojale mot livsmønsteret
dei bøygde seg under, har verna om dette og funne meining i å tre det ned over
flest mogleg andre, seier Soppeland.
Alternativet Willow Creek
- Organisasjonar og forsamlingar som til no har
halde att og ikkje skikkeleg slept dei nye ekspansive rørslene til, har no
endeleg fått eit alternativ i Willow Creek. Prinsippet for denne rørsla er at
som ein ropar i skogen får ein svar. Sår ein i kjøt, haustar ein kjøt.
-Etter
det eg har sett er WC eit døme på kva vi absolutt ikkje treng. Opplegget minner
om noko David Åleskjær sa på NMS sin tenmisjonsfestival for eit par år sidan.
Han ville ikkje ha vekking men revolusjon, for ordet vekking tykte han var for
negativt lada. Det overlet for mykje til Gud. ”Vi mennesker må derimot gjøre det
selv, hvorfor skal Gud gripe inn. Han har jo gjort det. ” Innforstått: Alt er
opp til oss.
Framleis håp!
- Dei som soknar til framgangsteologien vil kanskje riste på hovudet av dette
intervjuet, om dei kom lenger enn til overskrifta då. Det er for negativt. Då
vil eg berre presisere at det negative eg har peika på kjem av mi mistru til det
åndelege menneske og den menneskelege viljen, seier han.
- Men på vegne av Guds sak er eg
grunnleggjande optimist. Den skal fullendast! Det byggjer eg mellom anna på
Rom. 9.16, der det heiter: ”Så står det altså ikkje til den som vil, eller den
som renner, men til Gud som syner miskunn.”
- Det eg her har sagt skulle nok vore
sagt av andre enn meg. Eg er utan formell mynd.
- Eg undrast ofte på kvifor formelle
betalte og valde leiarar teier. Skulle eg ha feiltolka situasjonen, vil eg
gjerne korrigerast. Eg har ingenting imot ei lette i alvoret, avsluttar Gunnar
Soppeland.
Av Dag Rune Lid
Gå til artikkelsamling av Soppeland
|