|
| |
- Me treng å bli forferda av Herrens Ord
Intervju med Øyvind Samnøy henta frå avisa Dagen, 15.11.96.
Det
er Øyvind Samnøy frå Luster i Sogn som seier dette. Han er forkynnar i NLM, men
i sommarhalvåret er han sauebonde og jordbærdyrkar. Fødd og oppvaksen er han på
Samnøy i Fusa, men fann sin betre halvdel inst i Sognefjorden, så no held han
til heilt innunder Jotunheimen saman med kone og 3 små born.
Folk er ikkje redd synda lenger
Ein merkar at han er besjela av denne himmelske naud for at sjeler som lever i
åndeleg sjølvbedrag må vakne opp før dei slår augo opp i helvetes gru. - Folk er
ikkje redde synda lenger, seier han.
- Synda får makt i den grad ein gir ho rom. Det verkar så ufarleg å lefle med
ho. Vil du ikkje bryte med synda i fyrste omgang, så blir det verre og verre.
Det er som Ordet seier: "Når lysta har vorte svanger, føder ho synd. Men når
synda er fullmogen, føder ho død." (Jak. 1.15) Det er forferdeleg å sjå på det
som skjedde med Judas, korleis han byrja så forsiktig å ta av pengane, og til
slutt hadde synda fått slik makt at det var umogleg å bryte. Det var syndeband
som blei bundne om sjelslivet.
- Når du sit framfor fjernsynet, og du ser synda, så blir band bundne i ditt
sjelsliv - inntrykk som går inn i di udøyelege sjel. Der er mykje som du aldri
burde sett. Du tar skade på di sjel. Du leikar med ei makt som du ikkje kan
kontrollere. Synda er dødsens farleg, og mange får behalde "augo" men går evig
fortapt.
- Eg kjenner også til dette mitt eige hjarta, slik som songaren syng: "Synden
den trykker tung og hård. Fristeren lurer og dårer. Verden i dag er som i går,
Lokker og trenger og sårer. Kulden den vil i sjelen inn, Giften i tidens vær og
vind Truer å røve meg livet."
- Det einaste som eg trur kan hjelpe i dag er at me får høyre Guds Ord slik at
me blir forferda og forskrekka over oss sjølve. Fordi det er til slike Herren
vil sjå: "Men den eg vil sjå til, det er armingen, og den som har ei knust ånd
er forferda over ordet mitt." (Jes. 66.2) Den som aldri har høyrt Guds ord slik
at han er blitt forferda, trur eg aldri har møtt Gud i Ordet.
- Les me vår Bibel så ser me at det var dette som skjedde med Jesaja, han som
bryt ut: "Ve meg! Det er ute med meg." (Jes. 6). Bibelen gjev mange døme på
dette. Eit verkeleg møte med Gud skaper redsle - ein blir forferda, og då blir
det også behov for nåde og frelse. Eit menneske er ikkje vorte fortapt i eigne
augo så lenge det forlangar å bli trøysta. Når eit menneske verkeleg får sjå si
sanne stilling i lys av Ordet, då ser ein at ein berre fortener dom og
fortaping. Når du er komen på den plassen, då forventar du å bli forkasta og då
blir også trøysta uventa for deg, seier Samnøy.
Guds Ord må forkynnast så skarpt som det er
- Guds lov må forkynnast så lenge at ein misser kontrollen og blir hjelpelaus,
då blir ein også lydhøyr for Herrens tale, slik som Nordsletten syng: "Kan du
have meg kjær, selv så heslig jeg er, da er du en forunderlig Gud." Då er ein
komen til den motsette ståstad i forhold til at ein ville ha trøyst, no er ein
mottakeleg for trøyst.
- Dette går an å læra reint teoretisk, men det er noko anna når ein sjølv
erfarer dette i hjarta. I dag er det så sjeldan at menneska får erfare dette å
bli forferda. Grunnen til at dette i så liten grad skjer i dag, trur eg er
tosidig grunna både forkynninga og tilhøyrarane, seier han.
- Forkynninga maktar i dag i lita grad å forkynne Guds Ord så skarpt som det er,
ein er meir blitt ein kelner som spør: "Hva behager?" Det er ikkje lenger kva
Den Heilage Gud seier som blir det viktigaste. Det burde ringje for alle
forkynnarar i dag når ein les frå Jeremia der Gud talar gjennom profeten: "Eg
har ikkje tala til dei, likevel profeterte dei. Hadde dei stått i mitt
fortrulege råd, ville dei la folket høyra mine ord og venda dei frå den vonde
vegen og dei vonde gjerningane deira." (Jer. 23.22) Her trur eg skaden ligg når
det gjeld forkynninga. Ein må ikkje bruke evangeliet til å avsvekke alvoret i
lova slik at folket får inntrykk av at synda ikkje er så farleg. Mange møter kan
diverre summerast opp med: Alle var glade og ingen forandra. Ingen blei ståande
fortapte innfor Den Heilage Gud, og forkynninga førd ikkje til oppgjer med synd.
- Det er naudsynt at sjela blir ståande fast og får oppleve at ein ikkje ser
noko løysing. Då får du ein lukka munn framfor Den Levande Gud, og du får erfare
at du er fortapt - at du blir skuldig for Den Heilage Gud. Når menneske er komne
i denne stilling, då er evangeliet uventa. Du ventar å bli "steina", men i
staden får du nåde, seier han.
Men han understrekar også at skal Guds Ord ha denne verknad på hjarto så treng
forkynnaren tid, og at det burde vere minimum 14 dagars møteseriar, slik at
Ordet kan få trengje ned i sjelslivet hjå tilhøyrarane.
Den som vrakar Ordet blir vraka av Herren
- Sett frå tilhøyraren si side, så kan du forsvare deg mot Ordet på ulik vis.
Det står til dømes om Saul at han i frykt for menneske og jag etter æra forkasta
Herrens Ord. Det som skjedde var at gudsfrykta blei erstatta av menneskefrykt,
og han sparde kongane til eige æra, han bygde minnesmerke over seg sjølv osv.
(1. Sam. 15) For å få gunst hjå menneske sparde Saul også det beste av det
bannstøytte som var under Herrens vreide og dom. Men ord var klart:"Fordi du
vraka Herrens ord, har Herren vraka deg."(v.23) Då Saul møter "brodden" frå Guds
Ord, avsvekkar han det ved å seie at det var folket si skuld. Han forsvare seg
med vidopen munn og lukka øyre. Er det nokon gong menneske får talegåver, så er
det når dei skal forsvare sine synder. Slik er det i dag også. Ein kan forsvare
sjølv dei grovaste synder, og ta brodden av Guds Ord - men det fører til åndeleg
død.
- Nokre tilhøyrarar trekkjer seg unna for å unngå å bli dømde - til ei anna
forsamling der ein får fred, til ei forkynning utan brodd. Nokre anvender
bodskapen på dei andre i forsamlinga, då ein ikkje har det sinn som ber: "Ransak
mitt hjarta Herre." Andre leitar febrilsk etter Guds Ord som kan forsvare og ta
brodden av det forkynte Ord. Atter andre flyktar til ei frelsesoppleving, og
prøver på den måten finne trøyst i at dei må ha det rett i dag også. Slik kan
menneske slå vrak på Ordet heilt til dei slår sine augo opp i den evige
fortapinga.
- Saul seier at han hadde spart det beste av det bannlyste for å ofre det til
Herren. Menneska er på same vis i dag også, og dei kan til og med få syndene til
å høyrast fromme ut. Når Herren kjem på avstand går det an å finne andre navn på
dine synder. Så kan den gjerrige og havesjuke omdøype det til "sparsommelighet"
og "nøysomhet". Den som aldri seier eit ord om Jesus, og heller aldri har trong
for det i forsamling og på arbeidsplass - han seier: Eg er beskjeden og vil
ikkje stikke meg fram - så blir det ein dyd, endå det heile botnar i
menneskefrykt. Baktalen kan gå så mordarisk mellom bekjennande kristne, og så
kallar ein det sakleg vurdering av si samtid og sine medvandrarar. Men Guds Ord
seier at baktalarar ikkje skal arve Guds rike.
- Det går heilt annleis med eit menneske som kjem Gud nær. Då slepp ingenting
unna. Sjølv det beste i mitt liv kjem under domen. Det blir ureint, og det gjer
meg verdig til den evige fortaping. Det er farleg å synda og endå verre når
mennesket byrjar å forsvare sine synder. Gud vil ha deg der at du får ein lukka
munn. Sjølvforsvaret må tagna, du må stå der "blotta og bar" med dine synder. Då
står du med ein lukka munn og med opne øyre. Då byrjar du å spørje: Kva seier du
Herre? Det som skjedde med Saul var det motsette. Øyro hans blei lukka for Guds
tale, og munnen vart vidopen i sjølvforsvar. Det finst ein anger som ikkje blir
til frelse, slik var det med Saul, ein anger som berre gjekk på følgjene av
synda.
- Hjarteforholdet, det at Saul er komen bort i frå Gud i sitt hjarta, det vil
ikkje Saul høyra noko om. Det går han utanom. Så brukar han alle midlar for å
halde oppgjeret med Gud på avstand. Det ser ut for at Saul greidde det. Trass i
Guds klare tale gjennom Samuel, så kom ikkje Saul inn i lyset med sitt
hjarteforhold.
- I denne søvnens tid treng me spørgje: Korleis står det til i mitt hjarte? Er
det rett med meg? Lar du Herrens Ord lyse inn og avsløre dine djupaste tankar og
meiningar. Det var det Guds ord ville få gjere - trengje igjennom heilt til det
kløyver sjel og ånd, ledd og merg, og dømer hjartans tankar og råd. (Heb. 4.12)
Har Jesus fått døme synda i ditt liv, eller held du han på avstand. Det er ei
lov i Guds rike at det berre er dei som lar Herren døme, som i sanning får bruk
for nåden. "Bare de som kjenner, syndens nød seg vender, hen til nåden fri."
- Det er godt når folket kjem på møte med den haldninga at no må eg få høyre
sanninga. Det er når Sanningsanden er nær gjennom Ordet, at menneska har si
besøkjingstid. Om ein ikkje tek imot sanninga skjer det som Brorson seier: "Den
som ei vil lyset kjenne, han skal seg på lyset brenne." Då kjem ein med andre
ord inn under forherdinga, seier Øyvind Samnøy.
Å forkaste Ordet fører til forherding
- I det siste har eg lurt på om me i vårt land opplever det som står i 2. Tess.
2.10-11 "Det går føre seg med allslags urettferd i forføring mellom dei som går
fortapt, av di dei ikkje tok imot kjærleiken til sanninga, så dei kunne verta
frelste. Difor sender Gud dei kraftig villfaring, så dei trur lygna.."
- Det spørst om det ikkje er det som herjar vårt folk i dag med så mykje uklar
forkynning, tåketale, ulike karismatiske retningar, liberal teologi, "lett"
kristendom osv. Denne dobbelte verknad som Guds Ord verkar, talar Jesus om i
Mat. 13 i likninga om såmannen, der det står: "For hjarta åt folket har vorte
sløvt, og med øyro høyrer dei tungt, og augo sine har dei late att, så dei ikkje
skal sjå med augo eller høyra med øyro og skjøna med hjarto, og venda om så eg
kunne lækja dei." Dette gjeld Jesu likningar, men også om sann kristen
forkynning.
- Jesus talte i likningar for å openberra for nokon, og skjula det for andre.
Guds Ord er slik at der det ikkje blir motteke, der blir det dunkelt og ein blir
forblinda fordi ein ikkje tek mot kjærleik til sanninga. Det er difor Jesus
seier: "Tru på ljoset medan de har ljoset.."(Joh. 12.36) fordi ein elles vil
erfare "De skal leita etter meg og ikkje finna meg." (Joh. 7:34) Det var det
Saul fekk oppleve.
- Då Saul omsider ropa etter Herren, svarte ikkje Gud(1. Sam. 28.6-18). Då var
det berre dom igjen. Gud hadde lukka døra. Saul hadde stått så lenge mot Guds
Ord - mot Sanningsanden si overtyding, at nådetida var slutt før levetida.
Bibelen talar klart om at dette kan skje, også med oss om me står imot Ordet.
Forherdinga blir då at Gud gjer hjarta hardt mot Ordet for at ein ikkje skal
audmjuka seg for Gud og vende om. Dette kan gjelde som enkeltpersonar og som
folk, og det spørst om det ikkje er dette som held på å skje med vårt folk, som
det står om Jesabel: "Eg gav henne tid til å vende om, men ho ville ikkje vende
om..." (Åpenb. 2.21)
- Det er sagt at Guds kvern mæl seint, men ho mæl nøyaktig. Me må aldri gløyme
at synda får følgjer, ikkje berre for oss men også for born og barneborn. Guds
dom kan vente i lang tid, men blir det ikkje omvending så kjem følgjene - her i
tida og sidan i all æve. Gud kan ikkje godta synd. Me må tenkje på vårt eige
folk, og den overhengande fare som heng over landet. Tusenvis av foster ropar
til Gud om dom over Norge. Tusenvis av ekteskap blir oppløyste, den Guds
skaparordning som Gud vaker over. Gud ser det og Guds kvern mæle nøyaktig mot
dom.
- Har du den minste gneist av uro for di sjel, så må du rope til Gud om frelse
medan du enno har besøkjingstid. "I dag, om de høyrer hans røyst, forherda då
ikkje hjarto dykkar." (Heb. 3.15) Gjer du deg hard mot Guds Ord, så kan også du
kome i den situasjonen at Herren forherdar ditt hjarta og gjer ditt hjarta hardt
og ubøyeleg, og då renn tida di ut. Ve deg, om så skulle skje! Då går du
fortapt.
- Når Guds Ande dømer synd i ditt liv f.eks. at du hyser ureine tankar i ditt
indre, lever i flørt, lettsindighet, gjerrigheit, svart arbeid, nokon du ikkje
vil gjere opp med - du vil ikkje søkje forsoning etc. og du ikkje vil bøye deg
for Gud og erkjenne det som synd, då verkar Ordet forherding i ditt liv. Det
treng berre vere ein einaste ting i ditt liv du ikkje vil gje Herren rett i, før
denne forherdingsprosessen byrjar, så farleg er synda. Me snakkar ikkje her om
at du kan falle i synd, og at du ligg under for synder, men når du forsvarar den
og vil leve i den, og ikkje vil gje Gud rett i dommen over den, då byrjar
forherdinga.
- Det står om hyrden Eli(1. Sam. 2) at han såg sønene forførde Herrens folk, men
han sa i så liten grad i frå at Gud sa: "Du ærer sønene dine meir enn meg." Slik
er det også for mange i dag. Du kan ha eit klart syn på ekteskapet inntil borna
dine lever i synd - då tagnar du. Når du ikkje brukar det lyset du har fått, då
misser du det lyset du har. Men det er også eit rikt løfte for den som gjer slik
det står i Jeremia 15.19 "Dersom du skil det edel frå det uedle, skal du vere
som min munn."
Om mitt folk ville høyra!
- I motsetning til Eli så var ungdommen Samuel tru mot det han var tiltrudd av
Herren, og hans lys vaks "og Herren var med han og lèt ikkje eitt av orda sine
falla til jorda. Då skjøna heile Israel fra Dan til Be'er-seba at Samuel hadde
vorte tiltrudd å vere profet for Herren.... og Herren openberra seg for Samuel i
Silo ved Herrens ord." (1. Sam. 3) Så går det over 20 år før ein opplever at
forkynninga til Samuel ber frukt, men då står det at folket sukka etter
Herren.(7.2) Dei sa: "Me har synda imot Herren." Dei var komne i naud og deira
einaste von var til Herren. Då greip Gud inn. Då bar Ordet som var sådd full
frukt, og ein fekk den største vekkinga i Israel si soge, og ein fekk den
åndelege bakgrunnen for stordomstida under kong David. Det er dette me treng i
dag også - ein bodskap som skaper syndenaud og frelsesfryd.
- Bibelen og heile vår historie vitnar om at når Gud vil ha noko gjort, så
startar han ikkje masserørsler, men tek ut ein mann som han byrjar å forme og
danne og tek han inn i sitt fortrulege råd og openberrar sine ord for han. Når
Herren openberrar sitt ord for eit menneske, og dette menneske er tru mot Ordet,
då syt Herren for at dette menneske blir høyrt i folket. Nettopp dette var det
som skjedde med Samuel. Herrens Ord nådde ut til heile folket. Ludvik Hope skal
ha sagt noko slik: Gje meg ti unge menn som står for Herrens åsyn, så skal
landet bergast.
- Herren ville så gjerne få velsigne og han seier: "Lat opp munnen din vidt opp,
og eg vil fylla han!"(Salme 81.11) Men folket ville ikkje. Då er det Herren
ropar ut: "Å, om mitt folk ville høyra på meg, om Israel ville vandra på mine
vegar! Snart skulle eg då kua fiendane deira og vende mi hand mot motstandare
deira." (v. 14-15) Om Herren fekk sleppe til, ville han gripe inn.
- Eg trur at dette er den sukk Herren også har i dag for det norske kristenfolk.
Vår tid er i dag så full av kristen aktivitet, men det er så sjeldan at folket
blir stille for Herren og let han få gripe inn. Det er mitt personlege ynskje at
me måtte lytte til Herrens Ord - og at den som skal forkynne Guds Ord kunne
spørje: Herre, kva seier du? Eg trur problemet i dag ligg på høyrselsida - det å
stå i Herrens fortrulege råd. Dei som står der "vil la folket høyra mine
ord."(Jer. 23), og om det skjer vil det få store ringverknadar både i vårt folk
og ut over den vide jord, avsluttar Øyvind Samnøy.
Av Dag Rune Lid
| |
|