|
- Årsaka til avkristninga er at "saltet" har
mist si kraft!
Han har trødd sine barneskor på Varhaug på Jæren, og blei som mange av dei andre syskena send til Lundeneset Vidaregåande skule i Ølensvåg for økonomisk skolering. Etter "kongens klær", hamna han innan bank - der han fekk vidare økonomisk skolering. Trass i sin unge alder har han fått med seg mykje, og har i dag ein sentral stilling som leiar for Postbanken i Rogaland. Men på fritida får han også tid til å forkynne Guds Ord for andre, og han understrekar at dette er godt for hans eigen del - om han skal ha noko å dele med andre, må han sjølv få trengje inn i Ordet. Ynskjer å opprette friskular Opptakten til det heile byrja i 1994 då han og nokre andre tok kontakt med kretsstyret i Stavanger krets av NLM for å høyre deira syn på tanken om å starte ein grunnskule i kristen regi. I kretsstyret fekk dei full støtte for å arbeide vidare med desse tankane, men då forslaget kom opp til avstemming på kretsmøtet våren 1994 blei det nedstemt. No ser det likevel ut for at det kan leggje seg til rette med oppstart av ein kristen grunnskule underlagt Det Evangelisk Lutherske Kirkesamfunn i Egersund, og interimsstyret er no på leit etter rektor og lokalitetar. - Sosialismen sin strategi er å få tak i borna så tidleg som mogleg. I og med 6-års reforma blir borna tvinga endå tidlegare inn i skulen. Barnehagen kan ein sjølv velje, men når ein tvingar gjennom ein slik reform, misser me som foreldre valfridomen. Tankegangen er at det å oppdra borna er ein profesjon som staten skal ha ansvaret for. Det blir sagt at barnehage er "sunnare" og meir pedagogisk enn at borna får vere heime med mor, men det born i dag treng meir enn nokon gong er kjærleik og omsorg, og at Guds Ord blir prenta inn. - I den offentlege skulen i dag opplever me at mange lærebøker og lærarar klart går ut mot Guds Ord. Lærebøker, litteratur og filmar er ofte prega av gudløyse og mangel på respekt for sann kristen tru. Skulen er i dag heilt tilpassa tidsånda, og Guds Ord får ikkje lenger vere autoriteten. Mange elevar kjem i konflikt mellom det dei lærer heime og det som blir servert som objektiv sanning i grunnskulen. - Eg ynskjer å leggje til rette for dei som vil ha friskulen som eit alternativ og dei som ynskjer den som ein "ventil" for borna sine. Målet for skulen er at borna skal lære Jesus å kjenne, og bli grunnfesta i Guds Ord som einaste rettesnor for liv og lære. Det er ikkje om å gjere å skjerme borna, men at dei kunne bli grunnfesta i Ordet. På denne måten kunne ein også vere med å hjelpe foreldra til å oppdra borna i sann kristen tru. Gjennom skulen kan såleis borna kome inn i vekkinga, og finne klarheit i sitt forhold til Gud, seier han. Friskule og kall - Det blir sagt at det kan verke negativt å ta borna ut frå eit nærmiljø, og setje dei inn i ein friskule - at dei kjem "utanfor". Men erfaringane viser at mange kristne som har gått i den offentlege skulen, også har opplevd å vere "utanfor" . Det å velje friskule, er eit bevisst verdival som foreldra gjer for borna sine. Foreldra har eit voldsomt ansvar med tanke på den oppseding og påverknad som dei utset borna for. - Blir borna tidleg grunnfesta i Guds Ord, og Herren får tak i dei, så kan mykje vera vunne for dei seinare i livet. Dei kan bli sparde for mykje av det ungdommar i dag kan kome bort i, og bli sjelevinnarar, seier Nord-Varhaug. - Det me opplever i skulen er berre ein konsekvens av åndssituasjonen me lever i - der synda blir allment akseptert i alle lag av folket. Me skal ikkje mange år attende i tid før verdslege menneske såg på sambuarskap som uforeneleg med kristen moral. I dag har me problem med dette langt inn i det bekjennande kristenfolk. Samfunnet opnar opp for lover som går på tvers av Guds Ord, og folk blir frekkare og frekkare i sine uttalelsar om synda. Det er snart ingen hemningar for ugudlegheita i denne siste tid, og dette trengjer inn i skulen, seier Nord-Varhaug. "Skaden" er hjå kristenfolket - Det som kjenneteikna desse kyrkjelydane var djupast sett at det var indre skjult synd hjå dei - der Jesus var sett utanfor. I Efesus var alt i sin finaste orden ytre sett. Dei hadde gjerningar: Dei hadde tatt oppgjer med vranglæra, dei hadde prøvingar fordi dei stod fast på Guds Ord, dei hadde tolmod, dei hadde ikkje gått trøytt osv. Etter våre tankar skulle det vere ei mønsterforsamling, MEN Jesus var utanfor. - Dei hadde forlete sin fyrste kjærleik, og det var Kristus sjølv. Det var berre "skallet" av Kristus dei hadde. Dei var ikkje verkelege syndarar som trong nåde sjølve. Dei hadde ikkje lytta til Paulus sine Ord, han som var der i fleire år, i det han skriv i Apostelgj. 20.28: "Så tak då vare på dykk sjølve." Dei hadde gått inn i arbeidet for det som var sant og rett, men så hadde dei gløymt seg sjølve - sitt eige gudsliv. Kristenlivet var blitt ein teoretisk kunnskap, men utan liv og kjennskap. - Ein blir alltid trygg, og anfekting og trua sin gode strid kjem på avstand. Nauda for dei ufrelste, og eins eigen sjelstilstand kjem i bakgrunnen. Det er problema hjå alle dei andre som blir det åndelege samlingspunktet osv. Eg er ofte redd for at me kan sitje på kvar vår "tue" - med eigne meiningar og eigne syn, og det at folket går fortapt betyr ingen ting - "me har det jo så godt saman". Men for den som lever i Ordet, er det ei liding at sjelene går fortapt og for sin eigen del må ein syngje med songaren: "Det får koste hva der vil, men jeg må hjem til Himmelen". - Det er eit sjukdomstrekk både i det personlege kristenliv og i forsamlinga, der syndesorg og frelsesfryd ikkje får vere det framtredande. Kor lenge sidan er det at du måtte på kne for den levande Gud med ditt eige liv, og for folket som ikkje er frelst? Opplever du å møte Gud i Ordet så det fører til gråt over synd og glede over at du er frelst? Me treng spørje slik, for dersom ein berre har dette ytre "skallet" - så manglar ein sjølve livsnerva - då manglar ein det viktigaste - Kristus sjølv. Namn av å leve - men død - Dei hadde "skitna" til kleda sine, men det kunne ikkje folket sjå - for det var på det indre plan fallet hadde skjedd. Det har med å vake over synda, der ein er spesielt svak. "Dersom du ikkje vaker, skal eg koma som ein tjuv, og du skal slett ikkje vita kva time eg kjem over deg."(Openb. 3.3) Eg trur dette skjulte fråfall er årsaka til at "saltet" - Guds folk misser åndsmakt og åndskraft, og difor taper me i åndskampen. - Det er voldsom farleg å gå mot si overtyding i lys av Guds Ord, og det er det apostelen hadde minna efesarane om: "Kom ihug korleis du har teke imot og høyrt."(3.3) Ein hadde ei overtyding ein gong, men så kom mange "fornuftige" tankar som spurde som slangen i Edens hage: "Har Gud verkeleg sagt?" Det er som ein åndshøvding sa det: "Dersom mennesket ikke følger sin overbevisning, så misser en evnen til å ha en overbevisning." - Årsaka til at me opplever denne tilstanden i kristenfolket, trur eg har sin grunn i at omvendingsforkynninga held på å tagne mellom oss - folk er ikkje redde synda. Det å bli gjendfødd blir noko defust, noko ein håpar skal gå greitt til slutt, men den som lever i synd kjem ikkje utanom omvending. Ein treng å rette spørsmålet til kristenfolket: Trur me det me trur på? Trur me verkeleg at menneske kan gå evig fortapt? Eg trur det ville sett annleis ut mellom oss dersom me verkeleg trudde det Guds Ord seier. Å misse sjølvråderetten - Då blir det spanande å leva, for då lever eg ikkje lenger sjølv, men Kristus lever i meg. Det livet eg no lever i kjøtet, det lever eg i trua på Guds Son, han som elska meg og gav seg sjølv for meg, slik Paulus uttrykkjer det i Gal. 2.20. Då misser ein sjølvråderetten over sitt eige liv. Då blir det spanande å leve kvar dag - "Hva har min Gud i dag å gi? Forlatelse, forlatelse..." , og då byrjar ein å spørje: Kva vil du Gud eg skal gjere i dag? - Då vil ein også oppleve ei spenning mellom synd og nåde på det indre plan - mellom ånd og kjød. I alle åndsstraumar i tida, og alt me ser skje rundt oss i samfunns- og kristenliv er det noko som eg framfor alt er redd for, og det er meg sjølv. Det er som sangaren syng:"Verste fienden ber du, djupt i din eigen barm." Det er så sterke krefter som vil få meg bort frå Kristus, så eg mang ein gong blir redd og må spørje meg sjølv og Gud om det skal lukkast at eg når heim? - I alt arbeid med Gud er me avhengige av at Den Heilage Ande kjem til i den enkelte sitt liv og i forsamlingane. Me kan lage oppskrifter på korleis me skal forkynne, og korleis det må vere i forsamlingane for at vekkinga skal starte, men utan Den Heilage Ande blir alt til inga nytte. - Når det gjeld tida framover så trur eg at den truande meir og meir vil bli kalla "fundamentalist" - fordi han har sett Jesu vennskap som det største i tilværet, og då må ein bøye seg for Guds Ord i eitt og alt. Då reknar du kjennskapen til Kristus for den største lukke, og du har din rikdom i Ordet. Men her set avgrunnskreftene alt inn for å dra deg bort i frå stillheita med Herren, og dette er djevelen sin strategi i denne siste tid, og her har me klare bibelske parallellar, seier Nord-Varhaug. - Då Farao(djevelen) såg at folket hadde hast med å kome seg ut frå Egypten(verden), gav han dei meir å gjere, slik at folket ikkje skulle få tid til å dra av stad og tilbe Herren.(2. Moseb. 5.17) Og då Moses så tala til folket, høyrde dei ikkje fordi dei var motlause og utmødde på grunn av stresset.(6.9) Akkurat slik er det djevelen arbeider i dag også. Når "forløysinga" for Guds folk stundar til, då er folket så stressa og oppjaga, og djevelen og tidsånda gjer det slik at folket ikkje får tid til å tilbe og lytte til Herren. - Vondskapens åndehær legg så mykje på det norske folk av aktivitetar og fritidssyslar at folket ikkje få tid til å søkje Herren. Folket seier: - Me må vere med på det, og det, og det osv. Men Gud reknar annleis: Eitt er naudsynt! Når det gjeld Guds folk, så må dei få leve i vekkinga, og Guds Ord må få virke til dom og frelse også her. Gud vil noko i folket vårt - Eg trur at årsaka til at dette skjer, er at Ordet fekk lyde klart i lov og evangelium. Då får me også oppleve at "Guds Ord er levande og verksamt og kvassare enn noko tvieggja sverd. Det trengjer gjennom heilt til det kløyver sjel, ånd ledd og merg, og dømer hjartans tankar og råd."(Hebr. 4.12) Når Ordet slik får virke, då kjem og trua av forkynninga som ein høyrer.(Rom. 10.17) Me må aldri misse trua på Guds Ord som den skapande makt, og me er avhengige av Den Heilage Ande i Guds rike elles er arbeidet bortkasta. Erstattar me forkynninga av Ordet med andre ting, då er me ille ute og køyrer. - Til oss alle vil eg seie at det er viktig å lese god oppbyggeleg litteratur. Bøker som har betydd mykje for meg er bl.a J. de Liefde si bok, "Alt for ingenting" og romanen "Steingrunnen" av Bo Gierts. I den siste skildrar Gierts dei mange sjelstilstandar, og korleis folk lett vil "døme" etter det ein ser, utan å lodde den indre djupn. Her har vore gjort stor skade i Guds rike opp gjennom tidene. C. O. Rosenius si klare skildring mellom lov og evangelium, mellom død og levande tru og Brorson sine mange gode salmar er ei djup kjelde som me også i vår tid bør ause av, legg Nord-Varhaug til. |