Hans Erik Nissen

 

 

 


Per Kørner

 

 

 


Gunnar Nilsson

 

 

 

Sigbjørn Agnalt

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


– Kristen song, eit personleg vitnesbyrd!

Det er dirigent Audun Valland frå Norheimsund i Hardanger som uttrykkjer det slik når han snakkar om formidlinga gjennom den kristne songen. På fritida dirigerer han Songgruppa, eit familiekor på bedehuset i Norheimsund. I år feirar koret 20 års jubileum, og i pinsehelga skal jubileet markerast. Det ser ut for at bedehussongar, gjerne med fleire århundre gamal bodskap, også kan skape songglede anno 2002.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Songen har alltid vore ein viktig del av Audun Valland sitt liv. Det byrja på Tryggheim Ungdomsskule på Jæren på byrjinga av 60-talet. Seinare blei det fyrstegongsteneste på Setermoen i Troms. Her leia han ein kvartett som fekk fri frå teneste i forsvaret for å reise frå sør- mot nord i bedehusnorge for å samle inn pengar til Soltun Soldatheim.

 

Ein  songskatt

Han er oppteken av at me må ta vare på den kristne songskatten på bedehuset. - I våre dagar er den kristne songen ofte  gjort til underhaldning, og den forkynnande songen med evighetverdi både for songarar og forsamling er på vikande front. Meir enn nokon gong treng ein å framelske den kristne songen, så den oppvaksande slekt får sjå kva rikdomar som her ligg skjult, seier han.

 

– Oppbyggjeleg kristen song må ikkje ha fokus på ”oss-ar”, ”du-ar” og ”vi-ar”, men den må bringe eit personleg vitnespyrd som: ”Jesus er kongen min…”, "O Lammets blod som gav meg liv..”, ”Han søkte meg i nåde…”. Det blir ikkje noko personleg vitnemål om ein syng om stjerner og himlar, og nyttar generelle ord og uttrykk. Då blir lett den kristne songen almenreligiøs og underhaldande,  og gjev ikkje tilhøyrarane eit personleg vitnesbyrd.

 

God kristen song - sjelesorg

– Ser me til dømes på songane til Brorson eller Lina Sandell så er dei veldig innhaldsmetta med djupe talande tekstar. Det er songar fødde i kamp og anfekting, glede og sorg. Dei formidlar sjelesorg både til den som syng og dei som lyttar til songen. God kristen song er sjelesorg, legg han til.

 

Korleis finn du songar til koret?  – Eg må bli roleg for innhaldet i songane som me skal syngje. Det kan vere at korlemene kjem med ein song som dei opplever har gjeve dei noko. Eg noterer alltid ned songar som blir siterte frå talarstolen eller i vitnesbyrd, og så går eg heim og studerer innhaldet. Med tanke på å nå inn med bodskapen er igjenkjenning også viktig, spesielt for den eldre garde. Difor er mange av songane henta frå songboka.

 

– Ser me til dømes på songen som Erik Venjum skeiv i 1842, då ein sambygding kom springane over bøen midt i høyonna, og kunne fortelje at konventikkelplakten var oppheva, så er den svært talande. Etter det eg har høyrt, så blei han så inspirert at han måtte skrive ned songen på ein fjøl ute på bøen.

 

– Som lyrikk er den kanskje ikkje noko å skryte av, men den ber med seg eit vitnesbyrd som talar om noko som er opplevd. Han skriv: «Ha takk, o Herre kjær, For sådan frihet er At vi i fred Kan tales ved Om det som hør' til salighet!…» Eller som han skriv i andre verset: «Å nåde å forsmak! Min sjel ble lett og glad, Den byrden bar, Alt dunkelt var, Men nu ble veien atter klar….»

 

– Det å samlast om Guds ord såg dei på som ein forsmak på himmelen. Tenk for eit perspektiv over det heilage samfunnet! I dag klagar ein over kor harde benkane er, og ser gjerne lite verdi i å samlast berre om Guds ord. Dei eldre såg annleis på det, legg han til.

 

 

Born, unge og eldre

Han er oppteken av at både born, unge og eldre må få vere saman om den kristne songen. - På den måten unngår ein den oppdelinga av den kristne forsamlinga som me i dag ofte opplever.  God kristen song er viktig for forsamlingslivet og det hadde vore underleg å hatt eit møte utan song, det ville vore som å bryte ei naturlov.

 

– Eg har ikkje opplevd at borna klagar på songane me syng. Når borna ser at songtekstane betyr noko for dei eldre i songgruppa, så trur eg også dei lettare kan få sjå verdien av den kristne songskatten. Dei gongane ein opplever at det er "godt" å syngje, trur eg også borna opplever at det er inspirerande og gildt å får vere med å syngje, seier han.

 

Høgdepunktet for den yngre garde er nok den årlege weekenden på Wallemtunet, søndagsskulen sin leirstad på Kvamskogen. Ei av småjentene hadde i år pakka fleire veker på førehand, så det er ikkje tvil om at dette er populært. Då har ein med seg gjestetalarar og elles er det snø og ski for både store og små. Difor er det heller ikkje så unaturleg at offeret på jubileumsmøtet 1. pinsedag nettopp skal gå til Wallemtunet.

 

 

Arrangerer songane sjølv

Han er oppteken av at øvingane også har ei åndeleg side. – Ein kan kome trøytt og motlaus på øving. Men så øver me på ein god tekst og då kan det vere at ein eller annan i koret får noko frå Herren, inn i sin livssituasjon, akkurat då. Såleis kan ein oppleve å gå oppmuntra heimatt. Difor har innhaldet av songane også stor verdi for korlemene sjølve, og ikkje berre for tilhøyrarane, understrekar han.

 

Han definerer songgruppa som eit blanda kor, og han har arrangert så å seia alle songane som Songgruppa syng. - Eg har arrangert etter kva stemmer me har hatt til rådigheit. I ein periode då sopranane var få, så hjelpte tenorane disse. Tenorane tek nokre "avstikkarar" for å få harmonien fram, og slik kan det høyrdest ut som fire stemmer, seier han. 

 

Kvalitet meinar han er viktig også for eit kristent kor. – Der ein er oppteken av linjeføring, frasering og dynamikken i songen - der vil også desse faktorane kunne vere med å berike ein god kristen song og framheve teksten. Sjølv om han understrekar at ein ikkje må verte slave av fjerdedelane, så er øving viktig for å få fin samklang og det treng ikkje vere noko motsetning mellom kvalitet og god kristen song - avsluttar han.
 

Av Dag Rune Lid

Aksjon for kr. formålsp.

Lydopptak

Nyt-i-Natten
(dansk bloggside)

Willow
Creek og Saddleback


Islam

Aktuelle artikler


Kristne friskoler

Israel

Familien

Kristen sang

Forkynnelse


Aktuelle linker