|
Sakset fra Dagen 5. september 1995 Guds
folk må leve i vekkinga!
Møteserie
i Norheimsund i Hardanger.
Erik
Trans talar for tida på møteserie i Norheimsund i Hardanger. Han er født
og oppvaksen heilt sør i Danmark nær grensa til Tyskland, men bur
no saman med familien i
Herning på Gylland. Til vanleg er han forkynnar i Luthersk Misjonsforrening
i Danmark, men han har vore mange gonger
i Norge tidlegare for å forkynne Guds Ord.
Me
har tatt ein prat med denne danske forkynnaren om åndssituasjonen generelt,
om forkynninga og korleis stoda er mellom Guds folk. Situasjonen skulle
ikkje vere så ulik i Danmark og Noreg.
Kva
treng me?
-
Skal me få bibelsk vekking så må lova og evangeliet få nå til hjarte og
samvit. For min eigen del synest eg det er godt når eg får sitje og lytte
til forkynning som avslører til marg og bein. Det er Guds godheit mot oss
det, slik at eg ikkje skal gli bort frå nådehungeren. Dersom ikkje Gud
stadig når meg på denne måten så blir min kristendom teoretisk. Eg trur
nettopp at slik teoretisk kristendom er årsaka til det me opplever i dag,
dvs. svak forkynning av lov og evangelium.
-
Det er også heilt naudsynt at den som forkynner Ordet for andre lar det nå
til sitt eige hjarte til dom og frimod. Eg som forkynnar må sjølv leve i
denne spenninga mellom lov og evangelium, i ei stadig vekking av Guds Ord,
for at eg skal kunne forkynne til andre.
-
Me treng ei bibelsk vekking meir enn noko anna i dag, og i første omgang
mellom Guds folk. Det treng me for vårt eige åndelege liv, elles har me
ingenting å bringe vidare verken til det danske eller til det norske folk.
Skal me ha noko å bringa må Guds folk leve i denne stadige vekkinga. Når
ein opplever vekkingar der Gud grip inn, då blir det også naud for dei
ufrelste. Denne nauda blir berre skapt når ein lever nær Jesus, seier
Trans. Må
leve i vekkinga
-
Ein kristen må leve i ei stadig vekking der Gud får lov å gjere synda
syndig for meg, og nåden dyrebar for hjarta. Det vil praktisk seie at Guds
lov gjennom Ordet i konkrete forhold lar meg kome til kort både i
familieliv, mellom vener og
arbeidskollegaer osv. slik at det også får drive meg inn til Kristus. På
denne måten blir eg fornya i mitt forhold til Herren.
-
Når Gud får lov å "lyse" inn i mitt liv, då får ikkje synda i
mitt liv vere uoppgjort. Det fører til dagleg omvending, anger og oppgjer.
Det er naudsynt fordi eg har eit syndig kjøt som helst vil føre meg bort frå
Herren. Det må ein inngripen til når synda får rom hjå ein kristen. Synda
er som ein kreftsvuls som må opererast bort, ellers fører det til død. I
det daglege liv fører det til at ein må snakke ut med kona, ein må gjere
opp om det skulle vere noko uoppgjort med vener, ting som eg ikkje burde ha
sagt osv. Det må inn under blodets reinsing. Blir det ikkje oppgjer så fører
det til åndeleg død.
-
Det er diverre mykje av dette i kristne samanhengar i dag. Me blir så påverka
av tidsånda. Dersom eg vurderer meg i forhold til denne eller hin, så er det
ikkje så gale med mine synder. Eg kan
få trøyst, ved at andre til og med gjere det "dårlegare" enn meg
- men det hjelper ikkje når ein har med Gud å gjere. Difor treng eg
å la mitt hjarte og mitt liv reinsast av Herren - elles vil eg måtte stå
til ansvar for det på domdag. Også dette må inn under blodets reinsing,
understerkar han. Mot
avslutninga på nådetida
-
Menneska er så rastlause i dag, og Guds Ord får ikkje trengje inn. Mange har
ein hektisk jobb, og dette livet fører til overflatisk forhold til alt. Det
er også ein konsekvens av velferdssamfunnet. Alt blir så raskt omskifta og
utskifta, og dette ser me også i familielivet. Det er vonde åndsmakter som
står bak denne åndssituasjonen. Det ser så tilforlateleg ut med den
utvikling vi har i dag, men den fører bort frå Gud.
-
Me lever også i ei åndsfattig tid, og det blir konkretisert ved at Guds Ånd
og Guds Ord får så lite tak i Guds folk. Den situasjonen me opplever i vårt
folk både i Danmark og Noreg burde føre til at Guds folk i sanning gjer bot,
og bekjenner sine synder og at me får ei innviing til Herren - ja Guds folk
burde samlast i påtrengengjande bøn for Guds ansikt. Men det er diverre svært
vanskeleg å samle Guds folk til bønemøter i dag. Måtte nauda få drive oss
på kne for den heilage Gud, seier han.
Vekkingstidene
ikkje forbi
-
Den som les sin Bibel, ser mange døme på det fråfallet me møter i dag. Til
dømes i domartida og under profeten Jeremia. Hjå Jeremia står det:
"Profetane seier fram lygn, og prestane styrer etter råda deira, og
folket mitt vil gjerne ha det slik. Men kva vil det gjere når enden på dette
kjem?"(Jeremia 5.31) I denne situasjonen er det meir viktig enn nokon
gang at Guds lov blir forkynt i all si skarpheit, og evangeliet i all sin
varme og rikdom. Det vil frigjere, og føre til at Guds folk vågar å leve
annleis, som ein utskilt folk.
-
Lova må forkynnast så klart at ho ikkje let att noko håp for mennesket, og
evangeliet så fritt at det løyser kvar den som er bunden. I vekkingstider
har eg sjølv fått oppleve at det er denne forkynninga som skaper nytt liv av
døde. Mykje av forkynninga i dag tilbyr liv utan død, og så fortset
menneska som før utan at dei er blitt fødde på ny. Då blir det berre ei
viljesak og ei tilskunding til deira relegiøse liv - nye lappar på gamle
klede, men det blir ikkje nytt liv som held i dommen.
-
Eg vil seie som vår rektor H. E. Nissen seier det: "Alt for mange er
blinde for at selvforbedringenes vei ingen ende har, før den har ført et
menneske i helvedets evige avgrunn."
Derfor treng me be om vekking, og at me kan få ei samvitsvekking
mellom Guds folk, avsluttar han. Av Dag Rune Lid |