Men augo våre er vende mot deg

Kong Josafat og folket i Juda var komne i naud, og dei samla deg seg framfor Herrens Heilagdom i Jerusalem og ropte til Herren om frelse og utfriing. Årsaka til at Herren måtte tukte var at folket hadde falle frå Herren å byrja tilbe andre gudar.  Så er det at Josafat blir konge i Juda og han vandrar på Herrens vegar og prøver å føre folket attende til Herren.

Me kan sjå mange parallellar til vår eiga tid, når det gjeld fråfallet.  Bibel beskriv fråfallet på mange måtar: «Folket mitt går til grunne fordi det ikkje har kunnskap.»(Hosea 4.6) «Muren kring Jerusalem er riven ned, og portane er brende.» (Nehemja 1.3)  «Herrens Ord har dei vraka.» (Jeremia 8.9)«Men om saltet misser si kraft, kva skal det då saltast med ?» (Mat. 5.13)

 

Konsekevensen av dette fråfallet legg heller ikkje Bibelen skjul på: «Guds vreide blir openberra frå himmelen over all gudløyse og urettferd hjå menneske som held sanninga nede i urettferd.» (Rom 1.18) Men også gjennom Isralels historie fekk dei oppleve vekkjingar.

Gjestingstider

Juda fekk fleire gonger oppleve gjestingstider frå Herren, og opp gjennom kyrkjehistoria har me hatt mange slike periodar. Me fekk Luther, Hans Nielsen Hauge, Rosenius, Hope - personar, bevegelsar, kyrkjer som Herren fekk nytte til å vinne store sigrar i Guds rike. Om ikkje vårt eige folk og land skal gå til grunne, trenge me også i dag slike som Herren kan få bruke. Guds folk treng be haustens Herre om å drive arbeidarar ut til sin haust, som med frimod kan svinge «Andens sverd, som er Guds Ord.»(Ef. 6)

Den kjende lekmannshøvdingen Ludvig Hope skal ha sagt: «Gjev meg ti menn som står for Herrens ansikt og landet skal bergast.» Bibelen vitnar om at det var nokre som stod i Herrens fortrulege råd(Jer 23:18), og som høyrde Guds ord og gav akt på det. Profetar som steig fram med åndskraft og åndsmakt frå himmelen, og store under skjedde. Måtte me be om at slike atter kunne stige fram mellom oss, og nedbe åndsmak frå himmelen over vitnesbyrdet slik at det kan nå hjarto.

 

2. Krønikebok 17-21 beskriv korleis Josaft sin strategi var å føre folket attende til deira fedres Gud, og me finn den spesielt i 2 Kr 17.2-13. Det første Josafat gjorde var å setje ut vaktpostar som kunne vakte folket for fienden. I åndeleg forstand treng med også be om at Herren kunne få reise opp fleire hyrdar og vaktpostar som kunne vere vekkjerøyster i folket, og som kunne avsløre fienden sine lumske angrep - og at dei me har, måtte få frimod til å stå fast på Guds Ord.

Det tredje året han styrer sender Josafat hovdingar ut i folket med Herrens lovbok - Gud Ord til folket. Josafat visste kor viktig det var at Andens sverd kunne få røra ved hjarto. Det Ordet som er levande, verksamt og kvassare enn noko tvieggja sverd, og det er like verkekraftig i dag!

Hovmod og fråfall
Herren tryggja no kongedømet til Josafat, men midt opp i dette ser det ut for at hovmodet og fråfallet kom inn. Josafat gjorde den store synd å inngå ei fredspakt med den ugudelege kong Akab i Nordriket. Det var han som let innføre dyrkinga av Baal, og han var også med på Karmel då Elias hadde oppgjer med avgudane. Men møte med Elias på Karmel ser berre ut til å ha ført han djupare inn i forherdinga. 

Kong Josafat byrja å lita på menneske og inngjekk aliansar for å sikre seg mot fienden. Gud derimot, ville dei skulle være avhengig av han aleine.«Forbanna er den mannen som lit på menneske og gjer kjøt til sin arm, som i sitt hjarta vik frå Herren.» (Jeremia 17.5)

Denne pakta mellom Josafat og Akab førte Josafat til fall. Det var ein alianse med synda. Gud hadde gjennom profeten Mika advart, men dei ville ikkje høyre. Det står at Akab slakta småfe og storfe for Josafat – han var komen i det «gode lag» og makta ikkje lenger å gje Guds tale rett.Tidsånda og fråfallet hadde fått gripe hjarta, og den åndelege søvn blei ein realitet. Menneskefrykta blei større enn gudsfrykta. Og me kan spørje korleis er situasjonen mellomd Guds folk i dag ? Me står i same far som kong Josfat.
 

Guds Ord gjekk då som no alltid i oppfylling. Kong Akab blir drepen av ei pil som Gud styrte. Det står at ein mann spente bogen i fiendeleiren og skaut på måfå, og råka Akab mellom brynjestakken og brynja - det ømmaste og svakaste punktet i rustninga. Det var nettopp som det står skrive i  Jesaias 49.2  der Jesus og Ordet seier; «Han har gjort meg til ei blank pil.»

Her ser me kor farleg det var for kong Josafat å gå på akkord med synda og med si overtyding. Det er like farleg for ein kristen i dag. Djevelen malar alltid synda så ufarleg og uskuldig. Til å byrje med kan det være eit indre fall, men fører det ikkje til oppgjer vil det også føre til ytre fall og til slutt fråfall frå Herren. Så farleg er synda. Det gjeld enkeltpersonar, organisasjonar og kyrkjesamfunn - slår ein av på Guds Ord, vil det alltid få konsekvensar.

Når så kong Josafat kjem heim att frå krigen, møter han også denne planke pila gjennom profeten Jehu. Profeten seier: «For dette kviler Herrens vreide over deg.» (19.2) Dette førte nok til eit oppgjer med Gud for kong Josafat. Synda måtte fram i lyset om han skulle fortsetje å  vandre på Herrens veg.

Tidsånda
Er det ikkje nettopp det som skjedde med kong Josafat som skjer i mange samanhengar i dag også. Tidsånda trengjer seg inn, og det kostar for mykje å ta oppgjer med fråfallet, og så slår ein av på Guds Ord og kompromissar. Har Gud verkeleg sagt - får trengje inn og stele åndsmakt og åndskraft.  Men der tidsånda får innpass der må Guds Ånd til slutt vike - sjølv om aktiviteten kan være stor, og folkeskarar kan samlast.

Olav Valen Senstad seier «Tidsånden er som en hemmelig makt mellom oss som lyser oss i uforsonlig bann om vi våger å antaste den. Derfor er tidsånden slik at den i seg selv er en art forblindethet, og virker forblindene - selv på oppriktige og bra mennesker.»Er me klar over denne faren i dag, eller har tidsånda fått innpass? Det er berre den som står for Guds åsyn som kan skilje det edle frå det uedle. (Jeremia 15.19)

Men kong Josafat kom inn i vekkinga med sitt liv, og den bibelske vekkinga byrjar ofte mellom Guds folk. Då blir det som David opplevde det: «Dag og natt låg di hand tungt på meg. Mi livssaft kvarv som i sommartørken.» (Salme 32. 4) Då blir det rop om frelse og utfriing, og då kan Herren få frelse. For Josafat ser det ut for at det førte til oppgjer med Gud, for han reiser atter ut frå Be'erseba til Efram'imsfjella, og fører folket attende til Herren, deira fedres Gud. (19.4)

I tru til Herren
Det går ikkje lenge før fienden bankar på døra hos folket i Juda att, og slik vil det alltid vere for Guds folk også. No kjem det ein stor hær frå Syria som vil angripe Juda, og då står det at Josafat blir redd. Han vender seg i bøn til Herren, og lyser ut ei faste over heile Juda. Så samlar heile folket seg i Jerusalem, for å søkje hjelp hjå Gud.

Folket minner Herren om hans løfter, og på same tid seier dei : «For me har ikkje styrke nok til å stå mot denne store hæren som kjem imot oss, me veit ikkje kva me skal gjera. Men augo våre er vende mot deg.» (20.12)  Det ser ut for at såarbeidet har hatt sin verknad i folket.

Herren talar til folket og seier: «Vær ikkje redde! Denne store hæren skal de ikkje ottast. For denne striden er ikkje dykkar, men Guds.... Men det er ikkje de som skal strida her. De skal berre stilla dykk opp og stå og sjå korleis Herren frelser dykk - de frå Juda og Jerusalem. Ottast ikkje og ver ikkje redde! Drag ut mot dei i morgon, og Herren skal vera med dykk.»(20.17)


Dei gjorde som Herren hadde sagt i sitt Ord, og Josafat formanar folket: 
«Tru på Herren dykkar Gud, så skal de halde stand! Tru på profetane hans, så skal de ha lukke med dykk!»(20.20)  Kva er det Paulus skriv til den unge Timoteus ? «For Gud gav oss ikkje ei ånd som verkar motløyse, men ei som verkar kraft og kjærleik og visdom.»(2. Tim. 1.7) Dei same ord talar Herren til sine i dag!

No gjekk dei i tru til han som har all makt i himmel og på jord, og kva skjedde? Jau, ved tru til Herren vann dei siger. (Jamf. Hebr. 11.33) Då dei kom opp på høgda der ein kunne sjå ut over øydemarka, fekk dei sjå at fienden var slått - og det var ingen som hadde sloppe unna. Og det underlege er at Herren er den same i dag.

 

I NT fortel Bibelen om alle trusheltane i GT og seier: «Ved tru sigra dei over kongerike, handheva rettferd, fekk lovnader oppfylte, stoppa gapet på løver, sløkte eldskraft, slapp unna sverdsegg, fekk styrke etter sjukdom, vart veldige i krig, fekk fiendehærar til å vika.» (Heb 11:33-34)
 

Herren kjempa både for Josafat og dei andre og Herren vann seier, på same måte som han har vunne ei evig utløysing for sitt eige folk - utan menneskeleg medverknad.

Det hærfanget Joafat og folket tok var så stort at dei ikkje kunne bere det, og etter at dei hadde samla saman hærfanget i tre dagar, møttest dei i lovprisingsdalen og lova Herren. Dei vende glade attende til Jerusalem for Herren hadde gjeve dei gleda å vinne over fiendane, og riket åt Josafat hadde no fred, fordi Gud let han ro på alle kantar.(20.30)

Ved min Ande
Spørsmålet blir då: Korleis skal Guds folk gå fram i åndskampen i dag?Bibelen seier «Alt dette hende som førebilete, og det er skrive til formaning for oss, som dei siste tider er komne til.»(2 Kor 10:11) Guds strategi har alltid vore: «Ikkje ved makt og ikkje ved kraft, men ved min Ande, seier Herren, Allerhærs Gud.»(Sakarja 4.6)

Dersom me trur at me ved vår dugleik og våre evner skal sigre i åndskampen, då er me kort og godt ubrukelege. Kva var det Gideon fekk høyre frå Herren ? «Du har for mykje folk med deg.»(Dom. 7) Gud er ikkje avhengig av dei store folkeskarar, men eit lydhøyre hjarto. Det at Guds kraft vert fullenda i veikskap(2 Kor 12:9). Påkallar me hans navn, og set me vår lit til han, så vil han kjempe for sitt folk også i dag.

Gud må gjere oss ubrukelege i eigne augo og avhengige av Hans nåde og Hans kraft. Det er ei livslov i Guds rike. Me likar best å vera sjølvhjelpne, og kanskje det derfor er så få kristne som Herren verkeleg kan bruke. Gideons hær blei redusert frå over 30.000 til 300. Han miste 99 prosent av sine hærmenn! For menneske såg det katastrofalt ut - alt håp var ute! Men det er då Gud kan få gripe inn og viser si allmakt. Dette skjedde for at Gud skulle få æra og ikkje menneske. Hæren som dei møtte var som grashopper og dei hadde kamelar som havsens sand. (Dom. 7.12) Menneskeleg sett var det heilt umogleg å slå den. Men Herren gjorde det umoglege mogleg - og det kan han også gjere i dag.

Det er som Søren Kierkegaard seier det: «Gud skaper alt av intet - og alt hva Gud skal bruke, gjør han først til intet Det er på den måten Gud arbeider - det ser me gjennom heile vår Bibelen. Derfor burde vår bøn vere at alle leiarar, og alle me andre truande måtte tømast for alt vårt og at me kunne få ei bøne- og samvitsvekking mellom Guds folk. Skulle det skje, ville ein også få oppleve det same som Josafat og Juda: «og age for Herren kom over alle rika som låg rundt ikring Juda.»

Det er som bibellærar Øivind Andersen sa det «Om vi nå som kristne mannjevnt kunne innse vårt virkelige behov i dag: At vi i Norge trenger en vekkelse ifra Lindesnes til Nordkapp og fra Kjølen og til havbrynet, hvor mennesker kommer i nød for synd. Hvor tror dere det da kom til å bli i Norge? En ugudelig kringkasting kunne hindre det, heller ikke tilstanden elles i kirke og samfunn. For han som er med oss, er sterke enn han som er i verden. Husk hva Guds ord sier: «For han som er i dere, er større enn han som er i verden.»

Åndeleg hærfang - frelste sjeler
Då Herren kjempa for Juda og Guds folk, vart sigeren så stor at dei ikkje kunne bere hærfanget. I åndeleg forstand er sjeler som blir berga for himmelen, hærfang frå djevelen og dei vonde åndsmakter. Me har hatt fleire slike periodar i vårt folk, då djevelen og hans fiendehærane har blitt kjempa attende, tider då heile bygdelag har blitt forandra. Gud fekk sende samvitsvekkingar, så sjelene ropte om frelse, og Herren høyrde deira bøn. Det blei syndenaud og frelsesfryd. Som Guds folk treng me igjen bøye våre kne, erkjenne vårt fråfall og rope til Herren om slik gjestingstider igjen.


Han som møtte Jeremia i fengselet med orda: 
«Rop til meg, og eg vil svare deg, eg vil forkynne deg store og ufatteleg ting, ting som du ikkje kjenner.»(Jeremia 33.3), han høyrer også ropet til armingen(Jesaia 49.13) i dag, og seier «Herrens hand er ikkje for kort til å frelse, og øyra hans er ikkje tunghøyrt  så han ikkje kan høyre.» (Jesaja 59.1)

Difor treng me som Guds folk stanse opp for det me møter i desse kapitla om kong Josafat, og i vår naud rope til Herren som Guds folk i gamal tid: «For me har ikkje styrke nok til å stå mot denne store hæren som kjem imot oss, og me veit ikkje kva me skal gjere. Men augo våre er vende mot deg.»(20.12)

Skjer det, ja då kan Herren atter få vinne store sigrar mellom oss. Men hender ikkje det, og tidsånda får innpass og fråfallet rom, ja då blir me som Saul – forkasta, og til slutt forherda. Måtte ikkje det bli attesten for nokon av oss.

Måtte heller denne himmelske strategi som kong Josafat nytta også få vere vår ledestjerne slik at me atter kan få oppleve at Herren kan få vinne nye sigrar i åndskampen. Guds velsigning kvilte over kong Josafat og folket i Juda så lenge dei gjekk på Herren sine vegar, og han lytta til Guds ord - det var hemlegheita. Det lydhøyre hjarta!

Må me saman gå inn i bøn om at Herren igjen kan få gjeste oss med samvitsvekking i bygd og by, og at Herren må fri oss fra det mørke som no atter sig inn over vårt land og folk, så me igjen med frimodig kan få istemme verset av Elias Blix:

«Vårt heimland i mørker lenge låg, / og vankunna ljoset gøymde. / Men, Gud, du i nåde til oss såg, / din kjærleik oss ikkje gløymde. / Du sende ditt ord til Noregs fjell, / og ljos over landet strøymde.»

Utskrift